Vinnar av fotokonkurranse På Scenen!

Deltakarane på fotokurset til På Scenen! kunne sende inn sine beste bilete til ein konkurranse. Juryen møttes tir 15. oktober kl 09:30, og bestod av fotograf og konservator Ørjan Iversen og reiselivsrådgjevar Camilla Vandvik i Karmøy kommune.

Kriterier som juryen såg etter var bruk av linjer, det gyldne snitt og plassering av motiv, og ikkje minst at bileta demonstrerte at deltakarane hadde lært noko av fotokurset.

Vinnaren av fotokonkurransen er:

Thea Elise Varne, 5. klasse, Skudeneshavn skole

2. premie går til:

Christina, 6. klasse, Grindhaug skole

3. premie går til:

Vetle Andre Wick Rørheim, Frakkagjerd skole

Premien er bestemt av juryen og dei premierte vil bli kontakta:

1. premie er eit Polaroidkamera

2. premie er eit gavekort på kr 400

3. premie er eit gavekort på kr 200