Tilbake
Falturiltu
Agnete Brun
Sara Berntsen
Maria Olivia Rivedal

Falturiltu 2020

DKS Karmøy vil i samarbeid med Falturiltu - nynorsk barnebokfestival, tilby forfattarbesøk av Ane Barmen, Selma Lønning Aarø og Tor Arve Røssland.

Ane Barmen - 10. trinn - utvalgte skular

Vinnar av Brageprisen 2019

Ane Barmen (f. 1984) er utdanna skodespelar og musikkvitar og har gått på Gyldendals skriveskule. Ho jobbar som skodespelar og skribent.

Draumar betyr ingenting (2019) er debutromanen hennar, og for den fikk ho Brageprisen i kategorien Barne- og ungdomslitteratur. 


Selma Lønning Aarø - 9. trinn - utvalgte skular

Selma Lønning Aarø er født i 1972 og kjem frå Stord i Hordaland. Ho debuterte i 1995 med Den endelige historien, som var vinner av Cappelens konkurranse for beste debutroman.

For Romanen Vill ni åka mera? (2003) vart Selma nominert til Brageprisen. Siden har ho utgitt ei rekke bøker for vaksne og barn. Hennar hittil siste roman, Hennes løgnaktige ytre, kom i 2016.

Selma Lønning Aarø har vore spaltist i Dagbladet og Klassekampen, og er kjent for sin sjølvironiske og humoristiske stil.

Ungdomsbøker skrive av Selma Lønning Aarø:

Bergtatt, serien Grøss og gru

WOW (fleire forfattarar), om forelskelse


Tor Arve Røssland - 8. trinn - utvalgte skular

Tor Arve Røssland er fødd i Bergen, men er oppvaksen i Kvinnherad kommune. Han debuterte som forfattar i 1999 med den humoristiske barneboka Pode, og har sidan den gong gitt ut ei rekke bøker for barn og ungdom. Han har skrive grøssarar i serien Svarte-Mathilda, dystopisk science-ficton i Soledad, og krim i bøker som Gamer og Snatch. Han likar heile tida å utforske nye sjangrar.

Han seier sjølv at han likar å skrive bøker som han likar å lese, heilt uavhengig av kven bøkene måtte passe for når dei kjem ut.


Falturiltuforfattarane skriv på nynorsk. Falturiltu er verdas største nynorske barnelitteraturfestival.

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: Karmøy kommune
  • Kunstnere/grupper: Ane Barmen, Selma Lønning Aarø og Tor Arve Røssland
  • I samarbeid med: Falturiltu - nynorsk barnebokfestival
  • Idé/opplegg: Falturiltu og DKS Karmøy

Om kunstner / utøver / gruppe

Publikumskommentarer