Tilbake
Lars Opstad

ROGADANS

I Rogadans får elevane oppleva og sjølv vera med på folkedans og folkemusikk frå Rogaland og resten av Noreg. Det heile startar med at fire av dei fremste musikarane og dansarane innan sjangeren gjer ei forrykande danseoppvising på ti minutt.

Etter oppvisinga tar dei elevane med inn i dansen, og dei får læra seg dei grunnleggjande stega i halling, suldalspringar og reinlender.

Sjå vedlegg om fagleg relevans for læreplanen.

Rogadans er utvikla i samarbeid med Folkemusikkarkivet for Rogaland.

Folkemusikkarkivet for Rogaland held til på Sand i Suldal og er ei avdeling ved Ryfylkemuseet. Arkivet har opptak av song, spel og dans frå heile Rogaland og tek imot grupper etter avtale.

Folkemusikkarkivet arrangerer den årlege kurshelga Folkemusikk- og dansehelg i Suldal kvar haust, med kurs i spel, song og dans for deltakarar i alle aldrar og alle nivå. Arkivet har gitt ut læreverket «Bergteken», eit tobindsverk med vokal- og instrumentalstoff frå heile fylket. https://ryfylkemuseet.no/.

Læreplanmål

Sjå vedlegg med fagleg relevans for læreplanane i den vidaregåande skulen.

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: Rogaland fylkeskommune
  • Kunstnere/grupper: Erik Sollid, Olav Christer Rossebø, Jon Bugge Rasmussen, Anita Langødegård
  • Produsent: DKS-Rogaland i samarbeid med Ryfylkemuseet

Om kunstner / utøver / gruppe

Publikumskommentarer