karmoy

Vil du bli elevarrangør?

Astrid Havn Tranøy @ Karmøy // 17.04.14

Er du interessert i å lære meir om å vere kulturarrangør? Kvart år besøker mange musikarar, kunstnarar og andre kulturtilbydere din skule, og Kulturskrinet treng di hjelp til å ta imot! Liker du å lage plakatar, skrive anmeldelsar og planlegge konsertar er dette noko for deg. Om du er interessert i å lære meir om å styre lyd, lys og anna tekniske arrangement kan du også melde deg. Neste Elevar som arrangørar-kurs er 11. september 2014 i Tysværtunet.

På kurset får du og din lærar, saman med mange andre elevarrangørar, tilbringe dagen med ein musikar som har haldt mange skulekonsertar, og besøkt mange stader. De får høyre litt om korleis han synes det er å reise på turne, får sjå ein morosam video om korleis ein kanskje ikkje skal ta imot på skulen sin, og lære litt om praktiske sider ved å vere arrangør. Det blir bra lunsj, og dagen blir avslutta med den store handtrykkar-testen. Dersom du består får du arrangørpass og CREW-t-skjorte med deg heim, saman med nyttige tips som er gode å ha når du sjølv skal arrangere konsertar på din skule.

Og ps - Kvart år får elevarrangørar frå fleire skular tilbud om å vere med og bestemme programmet til Kulturskrinet for neste skuleår. For å vere med her må du ha gjennomført Elevar som arrangørar-kurs.

Ta kontakt med kontaktlærar eller kulturkontakt dersom du vil melde deg på kurset, eller er interessert i å høyre meir om jobben som elevarrangør.

 

Dyktige elevarrangørar frå Bø planlegger neste arrangement

Dyktige elevarrangørar frå Bø planlegger neste arrangement

Astrid Havn Tranøy