karmoy

Drager er ildsprutande, drager er skumle, drager kan fly høgt opp i luftå

Astrid Havn Tranøy @ Karmøy // 19.05.15

Kulturskrinet har i vår invitert alle Åkrabarnehager til å bli med og bygge drager i samband med at Åkrasanden har fått statusen Blått flagg-strand. Denne veka hadde Læringsverkstaden Åkrasanden og Espira Tjøsvoll besøk av dragebyggar Sveinung Dybvig frå Sola drageklubb, og billedkunstnar Bernhard Østebø og tegner Vegard Vandvik. Resultatet vart nesten femti fargesterke dragar og dragevimplar, som skal vere med og sette farge på Blått flagg-markeringa på Åkrasanden fredag 5. juni kl 11.00.

Blått flagg betyr at Åkrasanden har fått status som ei strand med spesielt bra vannkvalitet, god tilrettelegging for publikum, og med bærekraftig drift. Statusen forplikter og til arrangering av aktivitetar. Åkrasanden er ein populær plass for floravandring, brettsegling og kiting, og innimellom ein og annan drageflygar. Dette er første gang Kulturskrinet inviterer kunstnarar inn til å samarbeide saman med førskulebarn, og med tanke på dei flotte naturressursane som Åkrabarnehagane har i strendene sine, var det naturlig å ha eit kunstprosjekt som samtidig inviterte barna til å bruke den flotte naturen og ikkje minst vinden i vest.

På Læringsverkstaden Åkrasanden sit forventningsfulle barn rundt bordet. Veit dåke kva dåke skal gjere idag? spør Vegard Vandvik, teiknar, pensjonert kultursjef og drageentusiast, og sjølvutnevnt assistent til Bernhard Østebø og Sveinund Dybvig. -Ja, bygga drager! Drager e skumle og dei kan spruta ild, svarer gjengen rundt bordet entusiastisk. -Er det sånne ildsprutande drager me skal bygge idag då? -Neeei, me ska bygga sånne som me kan fly med på strandå! I løpet av to kjappe timar veit Kulturskrinet sin utskremte dragebyggingsassistent det meste om den entusiastiske gjengen i Læringsverkstaden Åkrasanden. Ho har i tillegg fått fire klemmar, blitt spurt om kor ho bur, og kven ho bur med, fått sett huset til Elisabeth som skal rivast, helst på pappaen hennar som og er dragebyggerassistent for dagen, og dessutan veldig flink til å fly radiostyrte fly, fått vete at yndlingsfargen til Vebjørn er gul, og lært at gult er fint å lage prikkar med, og at gule dragar er enklast å teikne på. Ungane synes det er stor stas å sjå kunstnaren Bernhard Østebø i aksjon med å teikne eit dragehovud. Etterpå får dei utforme dragen med sine fargar og mønstre. Etter dragebygging og teiping og dekorering og maling av tøffe dragebannere som skal pynte stranda under Blått flagg er det tid for å gå ut og prøve dragar.

Dessverre bleste det for masse denne dagen til at alle kunne få prøve, så Kulturskrinet fekk ta bilder mens pappaen til Elisabeth flydde ein stor kassedrage som han og Sveinung frå drageklubben har bygga saman. Ungane stilte seg opp i kø for å halde snora til dragen, mens pappaen passa på at dragen heldt seg sånn nokonlunde der han skulle vere i den viltre vinden på Åkrasanden. Bernhard Østebø har pakka saman bannerane som han skal montere for barnehagen og me har snakka om dei gamle kinesiske dragane som var dekorerte med vakre kalligrafiske teikn og fargerike teikningar av gudar og heltar. Han har tenkt litt det samme då han utforma ideen til kunstsamarbeidet med barna, og har tatt utgangspunkt i dei gamle dragehovuda som finnes på norske vikingskip. Og så e jo det litt Karmøy då, med vikingar og sånt.

Dei positive og entusiastiske ansatte i barnehagane løyste ein kvar praktisk utfordring med å arrangere dragekunstverkstad i barnehagen, og ville svært gjerne ha kunstnarar på besøk igjen. Kunstpilotprosjektet er denne gang er eit samarbeid med barnehagesjef Tove Steingildra, og er finansiert av kommunale midler. Kulturskrinet er ein av få skulesekkar i landet som har tilbud til barnehagane, og me har som mål at ungar i Karmøy får møte profesjonelle kunstnarar gjennom heile opplæringslaupet, allerede frå førskulealder.

Både Radio102, Karmøynytt og Haugesunds Avis har vore så kjekke å rapportere frå våre flotte dragekunstverkstadar i Åkrehamn. Sjekk ut entusiastiske barn og vaksne og fargesprakande dragar på linkane nedanfor.

Tenk at det bles for mykje på Åkra :)

Tenk at det bles for mykje på Åkra :)

Astrid Havn Tranøy

Espiradrage :)

Espiradrage :)

Astrid Havn Tranøy

Konsentrasjon på Tjøsvoll

Konsentrasjon på Tjøsvoll

Astrid Havn Tranøy

Dekorering av drager

Dekorering av drager

Astrid Havn Tranøy

Dragevimpel på Åkrasanden

Dragevimpel på Åkrasanden

Astrid Havn Tranøy

Norrøn drage blir til

Norrøn drage blir til

Astrid Havn Tranøy

Dragen tar form

Dragen tar form

Astrid Havn Tranøy

Sveinung skjærer til ein blid drage

Sveinung skjærer til ein blid drage

As

Kassedragen på Åkrasanden blir testa i den voldsomme vinden

Kassedragen på Åkrasanden blir testa i den voldsomme vinden

Astrid Havn Tranøy

Kø

Astrid Havn Tranøy

Ingen tvil om at drager er moro

Ingen tvil om at drager er moro

Astrid Havn Tranøy

Bernhard Østebø, Sveinung Dybvig og Vegard Vandvik

Bernhard Østebø, Sveinung Dybvig og Vegard Vandvik

Astrid Havn Tranøy