karmoy

På Scenen! Elevar som arrangørar-konferanse på Torvastad

Astrid Havn Tranøy @ Karmøy // 04.10.17

Tirsdag 26. september arrangerte Kulturskrinet i samarbeid med Haugesund, Tysvær, Vindafjord og Bokn kommune elevarrangørkonferansen På Scenen! Bokn var med for første gang. Konferansen, som samla nærare 80 elevar, er tenkt som ein inspirasjon for vidare arbeid med kunst og kultur i skulen både for elevarrangørar og kulturkontaktar. På slutten av dagen fekk elevane utdelt Elevarrangør-pass og CREW-t-skjorte som bevis på gjennomført elevarrangørkurs.

Årets På Scenen! samla nærare 80 elevar frå skular rundt om i distriktet, kulturkontaktar frå skulane, kommunekontaktar, kulturskulelærarar, UKM-medarbeidarar og kunstnarar på Torvastad skole og kultursenter. Tema var journalistikk, scenografi, foto, plakatmakeri, lyd og lys, konferansier og rap & rytme. Nytt av året var rap & rytme med Lars Tønnesen og Roar Skjelbred. Roar var med for første gang i år og losa to grupper med band gjennom samspel og låtlaging. Lars laga tekst og låtar med to grupper, og på slutten av dagen framførte alle sine bidrag i eit forrykande finaleshow saman med Flaks sjonglørar. Showet vart leia av to nyutdanna konferansierar med sjarm, humor og stålkontroll, og scenen var pynta av scenografigruppa under kyndig rettleiing av Merethe Midtbø.

Ein stor takk til kurshaldarane som bidrog: Johnny Liadal (UKM Tysvær) og Mona (UKM-konferansier under fylkesmønstringa i Tysvær i vår) på konferansier. Øystein Eide (lærar og redaktør for Haa-avis på Håvåsen og tidlegare journalist i H-avis) på journalistikk. Merethe Midtbø (lærar i scenografi på Karmøy kulturskole) på scenografi. Helge Kallevik (miljøarbeidar Torvastad kultursenter og lyd&lys-mann) på lyd & lys. Ørjan Iversen (konservator i kulturavdelinga i Karmøy kommune og fotograf) på foto. Flaks sjonglørar Anders Meland og Lars Tønnesen, Anders (som er tatovør når han ikkje turnerer med Flaks) på den nye stasjonen Plakatmakeri. Lars (som har artistnavnet Atlars når han rapper) på rap & rytme. Og sist men ikkje minst Roar Skjelbred (musiker med lang fartstid i DKS) på rap & rytme.

Kvart år har me ein liten fotokonkurranse for elevane som deltek på fotokurs, og her vil me presentere finalistane og vinnarane med vinnerbidraga.

Finalistar fotokonkurranse:

Eir Navelsaker, Avaldsnes skole, delt 2. plass

Mathea Økland Nedrebø, Skjold skole, delt 2. plass

 

Vinnaren av eit digitalt kamera er:

Sunniva Hauge Krog, Håvik skole

 

 

 

Vinnerbilde Sunniva Hauge Krog Håvik skole

Vinnerbilde Sunniva Hauge Krog Håvik skole

Sunniva Hauge Krog

Delt 2. plass Mathea Økland Nedrebø Skjold skole

Delt 2. plass Mathea Økland Nedrebø Skjold skole

Mathea Økland Nedrebø

Delt 2. plass Eir Navelsaker Avaldsnes skole

Delt 2. plass Eir Navelsaker Avaldsnes skole

Eir Navelsaker