karmoy

Program for skuleåret 2016-17

Astrid Havn Tranøy @ Karmøy // 15.06.16

Elevane i elevreferansegruppa har valgt, Kulturskrinet har fylt på, styringsgruppa har godkjent og forrige tirsdag fekk kulturkontaktane endeleg presentert programmet for Kulturskrinet skuleåret 2016-17!

Dette skuleåret skal førsteklassingane lære seg å lage og fly drage. Andretrinnet skal få helse på Peter Pan, i Haugesund Teater sin nye fortolkning, med heftigare koreografi, tøffare feer og skumlare pirater enn du nokon gong har sett før. Tradisjonen tru skal andre trinnet oppleve figurteateret Den blå blomst sin forestilling Aladdin, medan tredje klasse skal ut og finne Bokskatten og få besøk av Solo sin tromme og rytmeverkstad. Bok og film med besøk og moro i Karmøy kino og Karmøy folkebibliotek er fast innslag på fjerde trinnet. Filmen er framleis hemmelig. Femte trinnet skal besøke Mælandsgården og Gamle Skudeneshavn, i tillegg får dei ein spennande ny utstillingsoppleving frå Nasjonalmuseet som heiter Øyne så store som tinntallerkner. Utstillinga viser verk av fotokunstnaren Karoline Hjorth og kostymekunstnaren Riitta Ikonen. Her blir det også elevaktivitetar med inspirasjon fra Hjorth og Ikonen. Absurd film skal lære sjette klasse å lage TV-show! og for tiande år på rad kjem Flaksgutta for å drive sjonglering, diablo, flowersticks og andre kule triks saman med sjuande trinnet.

Rikskonsertene lovar 1. - 7. trinn ein heftig og rocka Beatleskonsert med the Bjorvands, eitt av Noreg sine beste Beatlescoverband, og konserten Draumefjell med Lajla Renate Buer Storli og John Ole Morken. Med kveding, flatfele, hardingfele og gitar tar dei oss med til sitt eige draumefjell, der dei spelar spenstige slåttar og syng gamle forteljingar med rare ord om vakre vårdagar.

I ungdomsskulen blir det i år som i fjor Film! Film! Film! - verkstad med Erlend Bjelland og Ole Erik Fylkesnes frå Absurd film. Niande trinnet kan melde seg på tur og omvisning ved Syreneset fort og rollespelet Maktspillet ved Nordvegen historiesenter med formidlar Cathrine Glette. Kvart år reiser elevar i tiande klasse på teaterbesøk. Dette året skal elevane oppleve det nyskrivne stykket Sånne som oss, som er regissert av Karmøybuen Leiv Arne Kjøllmoen. Leiv Arne har utdanna seg på regilinja til Statens Teaterskole i København, der han no bur, og har heile Danmark som sitt arbeidsområde. Stykket tar for seg naboskap i fleire former, og er basert på intervju med vaskeekte Haugesunds- og Karmøybuar. Korleis står det til med din forestilling om naboen? spør dei.

Sandra Kolstad lagar ekstravagant elektronisk popmusikk som er eksplosiv og dansbar. Elektronika er eitt av musikk-Noreg sine største eksportvarer for tida, med navn som Kygo, Røyksopp og Todd Terje i spissen. Sandra Kolstad arbeider med base i Berlin, og lovar ekte klubbstemning og vil skape ein magisk mystisk musikkoppleving gjennom dans, lyd og lys. I tillegg til Sandra Kolstad vil konserten Kvardagen er ikkje så aller verst, med Svein Tang Wa, Elin Furubotn og Gunnar Roaldkvam utgjere Rikskonsertene sitt program for ungdomstrinnet dette skuleåret.

I tillegg til det ordinære programmet skal heile ungdomstrinnet samt 2. trinn i barneskulen få oppleve Den norske filmfestival, som blir arrangert i august kvart år i Haugesund. Denne gang strekker festivalen seg ut til Karmøy, Tysvær, Vindafjord og Stord, og rundt 8 000 elevar skal totalt få delta, møte filmfolk og sjå film. Magnus Carlsen møter 8. og 10. trinn på lerretet i ein splitter ny dokumentar, medan 9. trinnet skal få oppleve det sterke ungdomsdramaet Før det er for sent. Begge filmane formidlar sterke historiar om å vere annleis, utanforskap, og om å finne sitt talent. På barnetrinnet skal 2. klassingane få sjå den sjarmerande animasjonsfilmen Min nabo Totoro fra det berømte filmstudioet studio Ghibli. Hold av tirsdag 23. - fredag 26. august, dette blir ein fantastisk kick-off på skuleåret!

Første veka i november er det som vanleg tid for SILK, Skudeneshavn Internasjonale Litteratur og Kulturfestival. Festivalen sitt skuleprogram er enno ikkje klart, men me kan røpe at iallefall ei dame med veldig flotte hattar som nokon kanskje kjenner igjen dukker opp..

Torsdag 29. september er det tid for Elevar som arrangørar i Torvastad skole og kultursenter. Her kjem meir informasjon, men de kan allerede byrje å melde dykk på til Elisabeth på eaj@karmoy.kommune.no

Kulturskrinet ynskjer små og store gode kulturopplevingar i skuleåret 2016-17 smiley

 

Peter Pan

Peter Pan

Haugesund Teater

Ingen tvil om at drager er moro

Ingen tvil om at drager er moro

Astrid Havn Tranøy

Aladdin - Den blå blomst

Aladdin - Den blå blomst

Elisabeth Aarekol Johannessen

Bok og film - Absurd film

Bok og film - Absurd film

Astrid Havn Tranøy

Film! Film! Film! - Absurd film, 8. trinn

Film! Film! Film! - Absurd film, 8. trinn

Kulturskrinet

Flaks sjonglørar - dagens stjerner!

Flaks sjonglørar - dagens stjerner!

Astrid Havn Tranøy

Min nabo Totoro

Min nabo Totoro

Studio Ghibli

Lyd og lys

Lyd og lys

Astrid Havn Tranøy

Sarah McIntyre

Sarah McIntyre

Sarah McIntyre