karmoy

Godt nytt kulturår!

Astrid Havn Tranøy @ Karmøy // 21.12.15

2015 har vore eit hendelsesrikt år for Den kulturelle skulesekken (DKS), både lokalt og sentralt. I 2016 vil DKS-sekretariatet bli flytta til ein ny etat lagt til noverande Rikskonsertene. Kulturskrinet har hatt eit travelt år, med besøk av sekretariatet for DKS, DKS Akershus, og gjennomføring av fleire spennande lokale samarbeidsprosjekt.

Namn på den nye etaten er enno ikkje bestemt, men mandatet til etaten kan du lese meir om i linken vår nederst på sida her.

Kulturskrinet har hatt eit hendelsesrikt år med mange flotte skuleprosjekt og produksjonar. I mars hadde me besøk av det nasjonale sekretariatet for DKS, og me fekk vist fram Vågen læringssenter sitt flotte prosjekt Living history, framført av elevar i Mælandsgården i samarbeid med skodespelarane Nina Sele og Dagmar Lunde. Elevreferansegruppa, som velger deler av programmet til Kulturskrinet, deltok på møtet med sekretariatet, og fortalte om sitt arbeid med å evaluere og velge ut produksjonar for Kulturskrinet. Våren 2016 skal ei heilt ny Elevreferansegruppe ta fatt på oppgåva.

Barnehagane Læringssenter Åkrasanden og Espira Tjøsvoll hadde eit spennande dragekunstprosjekt i regi av Kulturskrinet og avdelingssjef barnehage, i samarbeid med kunstnaren Bernhard Østebø og dragebyggar Sveinung Dybvig frå Sola drageklubb. Prosjektet sin finale var deltakelse med dekor av Åkrasanden og drageflyging då Åkrasanden fekk Blått flaggstatus 5. juni i år. Mange kreative dragar såg dagens lys, og drageførarane var dyktige og konsentererte. Dette må gjentas!

I juni var over 9000 elevar på samtidsmusikkfestival på Vibrandsøy i regi av Rikskonsertene. Prosjektet hadde namnet RiksUltima og var eit samarbeid mellom Rikskonsertene, Ultimafestivalen, DKS Rogaland, Tysværskreppa, DKS Haugesund og Kulturskrinet. Kulturskrinet var med i ein komite som hadde ansvar for elevaktivisering før, under og etter festivalen. I samband med dette fekk 6. klasse ved Kolnes skole ansvar for å promotere festivalen og gjere samtidsmusikk kjent for dei andre festivaldeltakarane. Denne oppgåva løyste dei svært godt, mellom anna komponerte dei og framførte sin eigen samtidsmusikk, dei dansa til samtidsmusikk, og dei laga ei flott og informativ festivalavis som skulane i alle seks kommunane som besøkte festivalen fekk. Det vart laga ein teaservideo der elevane forklarte sin tolkning av samtidsmusikk for andre elevar, med smakebitar av samtidsmusikkverket og samtidsdansen til #CrewUltima som klassen kalla seg under prosjektet. Etter festivalen fekk fleire skrivekyndige #CrewUltima-anmeldarar sine anmeldelsar av festivalen på trykk i lokale aviser. Eit flott og elevaktivt prosjekt!

Hausten 2015 har vore travel og minst like spennande, med ein heilt ny Elevar som arrangørar-konferanse, der over femti kommande elevvertar frå Tysvær, Haugesund, Karmøy og Vindafjord fekk opplæring i lyd og lys, foto, journalistikk, konferansier, lydstudio og scenografi i nye Torvastad skole og kultursenter. Ein spennande dag på Torvastad enda i ein flott finale med framføring av Ingrid og Ena frå Kolnes skole, og sjongleringsshow med Flaks sjonglører Anders og Lars. Utvalgte elevar dekorerte scenen, andre var konferansierar, styrte lyd og lys og andre igjen fotograferte under forestillinga. Ein flott vidareutvikling av Rikskonsertene sitt konsept som me skal ta med oss vidare i 2016.

Samarbeidet med kommunane Tysvær, Vindafjord og Haugesund er mangeårig, og har sådd mange kjekke frukter. No sist Elevar som arrangørar i ny drakt, eit prosjekt som Kulturskrinet var så heldige å få presentere for over femti kulturkontaktar og DKS-ansvarlige i sørfylket i oktober. Me takker for invitasjonen og ser fram til fleire spanande Elevar som arrangørar-konferansar i heile Rogaland.

Kulturskrinet har hatt besøk av DKS Akershus, som hadde med seg fleire kommunar som har lyst til å bli 100%-kommunar slik som Karmøy. Dei besøkande fekk orientering om Kulturskrinet sitt arbeid og ein smakebit av vårt flotte filmprosjekt Film!Film!Film! med Erlend og Ole Erik frå Absurd Film.

Tradisjonen tru gjennomførte Kulturskrinet ei flott veke i litteraturens teikn i samarbeid med SILK litteraturfestival. Til saman var det 40 arrangement i Karmøyskulane under SILK i år, noko som er ei dobling frå året før. Ei flott utvikling og eit fruktbart samarbeid som me vonar held fram i 2016. Over 400 elevar hadde besøk av forfattar og illustratør Sarah McIntyre, som lærte dei å teikne mops og korleis ein skal lage teikneseriar.

Kulturskrinet-året 2015 vart avrunda med forestillinga 269 dagar med Roald Kaldestad og Roy Ole Førland, som besøkte halvparten av våre barneskular i desember. Ei fin og poetisk forestilling om einsemd, vennskap og regn basert på boka med samme navn av Roald Kaldestad, vakkert tonesatt av Roy Ole Førland. Me gler oss til resten av skulane skal få besøk av denne fine og vare forestillinga. Det er 1. og 2. klassingane som får besøk i denne omgang.

Mange dyktige kunstnarar har besøkt oss og det har vore mange fine møte mellom elevar, lærarar og kunstnarar. Kulturskrinet vil invitere profesjonelle kunstnarar som er interesserte i å skape nye kreative kunstmøte, til å sende inn forslag til programmet for skuleåret 2016-17. Frist for å sende inn er 15. januar 2016.

Samstundes vil me nytte høvet til å takke alle våre samarbeidspartnarar for eit godt samarbeid i 2015. Me ser fram til eit kulturelt innhaldsrikt 2016!

Astrid og Elisabeth

 

 

SILK - Sarah McIntyre

SILK - Sarah McIntyre

Astrid Havn Tranøy

Tohundre og sekstini dagar - Roald Kaldestad og Roy Ole Førland, 2. og 3. trinn

Tohundre og sekstini dagar - Roald Kaldestad og Roy Ole Førland, 2. og 3. trinn

Film! Film! Film! - Absurd film, 8. trinn

Film! Film! Film! - Absurd film, 8. trinn

Kulturskrinet

Dans til Mette Henriette Martesdatter Rølvåg sin musikk

Dans til Mette Henriette Martesdatter Rølvåg sin musikk

Astrid Havn Tranøy

#CrewUltima med rektor Magne Ove Lyngstad

#CrewUltima med rektor Magne Ove Lyngstad

Astrid Havn Tranøy

Lysteknikere

Lysteknikere

Astrid Havn Tranøy

Lydstudio

Lydstudio

Astrid Havn Tranøy

Bok og film - Elisabeth guider oss gjennom dagen

Bok og film - Elisabeth guider oss gjennom dagen

Astrid Havn Tranøy

Dragevimpelen på Åkrasanden tar form

Dragevimpelen på Åkrasanden tar form

Astrid Havn Tranøy

Ein glad gjeng :)

Ein glad gjeng :)

Astrid Havn Tranøy