karmoy

Program for 2015-16

Astrid Havn Tranøy @ Karmøy // 17.07.15

Programmet for skuleåret 2015-16 er klart.

I år blir det mange produksjonar med vekt på litteratur og film. Me held fram med vårt gode samarbeid med Skudeneshavn Internasjonale litteratur og kulturfestival, og tilbyr mellom anna teikneserieverkstad med skotske Sarah McIntyre i festivalveka. 10. trinn skal som vanleg på teater, og får oppleve Rune Belsvik sin fine Verdas mest forelska par som blir satt opp av Haugesund Teater i oktober. Nytt av i år er at aIle 6. klassingar skal få oppleve Karmøy kulturskule sine teaterelevar i det nyskrivne stykket Inni mørke fjellet gryr ein lysare dag, av Per Olav Kaldestad. I tillegg blir det lagt stor vekt på aktive elevar i våre mange verkstader, og me får eit gjensyn med lydinstallasjonen Alle komponerer! på Karmøy vannverk våren 2016. Dei fleste produksjonar ligg no ute med datoar, og alle vil vere klare til skulestart. Me gler oss og ynskjer lukke til med skulestart til små og store, og gode fellesopplevingar!

 

Verdas mest forelska par

Verdas mest forelska par

Haugesund Teater