karmoy

#CrewUltima på Kolnes - din guide til samtidsmusikk!

Astrid Havn Tranøy @ Karmøy // 12.05.15

Sidan påske har ein superklasse ved Kolnes skule hatt samtidsmusikk på dagsordenen. 6. klassingane har fått i oppdrag av sjølvaste Rikskonsertene å vere vår guide til samtidsmusikk fram mot festivalen RiksUltima på Vibrandsøy 1.-5. juni. Kontaktlærar Mona Indrøy Risanger har veileda gjengen som kallar seg for #CrewUltima.

RiksUltima er eit samarbeidsprosjekt mellom Rikskonsertene lokalt i Rogaland, Rikskonsertene sentralt og samtidsmusikkfestivalen Ultima. Til saman skal over 10 000 elevar og lærarar frå barnetrinnet i kommunane Utsira, Haugesund, Karmøy, Tysvær, Vindafjord og Bokn oppleve ulike samtidsmusikk-komposisjonar i og rundt dei verneverdige bygningane på den vakre øya første veka i juli. #CrewUltima vil de møte igjen under festivalen på Vibrandsøy. Der vil det bli vist videosnuttar der dei intervjuer kvarandre om samtidsmusikk, og forklarer fenomenet for oss uinnvidde. Det vil og bli laga ein teaservideo basert på dette materialet og klipp frå dei ulike komposisjonane som skal framførast under festivalen. Denne vi vere klar om kort tid. Kolnes skule har si eiga RiksUltimaside på heimesida si. Her finn du den offisielle festivalavisa for RiksUltima, som #CrewUltima har laga, mellom anna med intervju av hovedkomponist for festivalen, Mette Henriette Martesdatter Rølvåg. Sjekk ut #CrewUltima sin Alt-du-trenger-å-vite-om-RiksUltima-side på linken nederst her. Fredag 24. april dikta, dansa, dramatiserte og demonstrerte #CrewUltima samtidsmusikk under leiing av den unike Mona Indrøy Risanger på den tradisjonelle morgonsamlinga på Kolnes skule. To representantar frå Rikskonsertene lokalt var tilstades og filma hendinga. Ein stolt augneblink for Kulturskrinet og for rektor og kollegiet ved skulen. Les deira reportasje frå dagen her:

 

#CrewUltima 6. klasse Kolnes skole

#CrewUltima 6. klasse Kolnes skole

Astrid Havn Tranøy

Dramatisering av samtidsmusikk

Dramatisering av samtidsmusikk

Astrid Havn Tranøy

Dans til Mette Henriette Martesdatter Rølvåg sin musikk

Dans til Mette Henriette Martesdatter Rølvåg sin musikk

Astrid Havn Tranøy

Teknikere

Teknikere

Astrid Havn Tranøy

#CrewUltima framfører egen samtidsmusikk

#CrewUltima framfører egen samtidsmusikk

Astrid Havn Tranøy

Lysteknikere

Lysteknikere

Astrid Havn Tranøy

Rikskonsertene filmer

Rikskonsertene filmer

Astrid Havn Tranøy

Fylket foreviger #CrewUltima sin nye komposisjon

Fylket foreviger #CrewUltima sin nye komposisjon

Astrid Havn Tranøy

Lurt å ta ein kvil mens ein kan

Lurt å ta ein kvil mens ein kan

Astrid Havn Tranøy