Tilbake
Astrid Havn Tranøy
Astrid Havn Tranøy
Astrid Havn Tranøy

Syreneset fort 2017

Omvisning ved det tyske forsvarsanlegget frå 2. verdskrig på Syreneset sør på Karmøy. Syreneset fort er saman med Falnes (Trivarli) dei to best bevarte tyske installasjonane i Karmøy. Fortet var operativt frå mars 1943, og var utstyrt med fem 12,2 cm kanoner. Kanonene hadde ei skotvidde på 21 000 meter. Mannskapsbunkerane av type R 655 som er bygd på Syre finnes i Noreg kun på denne staden, slike vart ikkje bygd nokon andre stader i landet (Kjelde: Kulturminner i Karmøy).

Målgruppe 9. trinn, påmeldingstilbud. Sjå turnéplan ( oppe til høgre på denne sida) . Ein omvisning pr. dag og maks. to klassar pr. omvisning (ca 50 stk).

Påmelding til Elisabeth Aarekol Johannessen, eaj@karmoy.kommune.no , tlf. 52811474/ 93499884

Sjå lærarrettleiing for kart til området, og førebuing. Tekniske detaljer om anlegget finnes under Faktaark Syreneset fort, henta frå www.kystfort.com/forum/

Lærerveiledning

Last ned:
Syreneset fort

Historie

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • bruke omgrepet periode og vise samanhengar mellom fortida og notida ved å plassere ei rekkje historiske hendingar på ei tidsline
  • presentere historiske hendingar gjennom å lage to forteljingar om same hendinga, sett frå ulike ståstader
  • skape forteljingar om menneske i fortida og bruke dei til å vise korleis menneske tenkjer og handlar ut frå samfunnet dei lever i
  • utforske ulike kjelder, illustrere korleis dei kan gje ulik informasjon om fortida, og forklare korleis historikarar bruker dei til å lage historiske framstillingar

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: Karmøy kommune
  • Produsent: Kulturskrinet i samarbeid med kulturavdelingen
  • I samarbeid med: Kulturavdelingen, Karmøy kommune
  • Idé/opplegg: Thomas Skådel og Else Jorunn Stava Knudsen.

Om kunstner / utøver / gruppe

Else Jorunn Stava Knudsen har i samarbeid med Thomas Skådel utarbeida eit hefte om Syreneset. Dette tek utgangspunkt i eit  intervju med Thomas sin far, Jonas Skådel, og andre motstandsmenn, som opplevde den tyske okkupasjonen i Karmøy på nært hald. I heftet finnes informasjon om lokale tilhøve under okkupasjonen, kart og avisutklypp frå då dei tyske styrkene kom til Haugesund-området. Forfattarane av dette heftet har tatt for seg bygginga av Syreneset fort, dei russiske krigsfangane som deltok, motstandsarbeidet og overgjevinga av fortet i 1945. 

Publikumskommentarer