Tilbake
Annikken Theodorsen

Hei Kalas!

“Alle synger om hest og hund og katt

Om søte små valper pakket inn i vatt

Men ingen husker kloakkdyra

Kloakkdyr er bra

Stygge dyr er også bra»

Hei Kalas! syng og speler musikk med ein underfundig undertone. Songane er morosame på en trist måte, eller triste på en morosam måte. Det handlar om kva man tenkjer på og opplever i kvardagen. Store og små ting. Alt frå Kongar som dør til bukser som klør. Songane er for born, men Hei Kalas tykkjer born og vaksne er opptatt av mykje av dei same ting, berre i litt forskjellig skala. Det er ikkje enkelt å være born, eller vaksen. Det spesielle med Hei Kalas! er måten dei formidlar daglegdagse ting på. Slik at både born og vaksne kan kjenne seg att.

Hei Kalas! kjem til din skule for å undre seg over verda, livet, dyra og menneskja. Kvifor er verdsrommet uendeleg og kvifor smaker syltetøy med sand så godt?

Kven er Hei Kalas!

Heidi Marie

  • Tykkjer om: å spele gitar, drikke te, tykke labbar og andre myke ting ein kan ha på kroppen. Spise vaflar og snakke om verdsrommet.
  • Tykkjer ikkje om: mokkabønner og kø.
  • Har: møtt Dolly Parton in person to gonger.
  • Ønskjer seg: en OnePiece

Annikken

  • Tykkjer om: å snakke om verdsrommet med Heidi Marie heilt til siste trikken går og ein må ta taxi heim for dei aller siste pengane ein har.
  • Dyreprogram på tv og å sove til klokken elleve - PÅ KVELDEN!
  • Tykkjer ikkje om: ting som klør, sukkerfritt godteri og kjærleiksorg.
  • Hadde: hamster. Han het Hamster.
  • Ønskjer seg: Eigen hest, tidsmaskin og badekar.

Roy Ole

  • Tykkjer om: å bu i Bergen for der regnar det heile tida. Gå med tøflar, høyre på vinylplater til langt på natt, tenne stearinlys, drikke kaffe og lese.
  • Tykkjer ikkje om: Stressa folk, sure folk, sinte folk, sjølvopptatte folk og altfor sterk sol.

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: Karmøy kommune
  • Kunstnere/grupper: Hei Kalas!
  • Produsent: Jørn Oftedal
  • Idé/opplegg: Musikarane i lag med produsent

Om kunstner / utøver / gruppe

Heidi Marie Vestrheim er frå Øystese i Hardanger og er no busett i Oslo. Ho er kjent som songarinne og låtskriver, og har vore med i ulike band før ho starta som soloartist i 2003. Heidi Marie har også vore synleg på teaterscenen (DNS, BIT, Teatret Vårt, DKS) og som programleiar i Nrk Super.Ho har gitt ut to Quizbøker på Aschehoug, og bidratt i boka Barfot på Gyldendal Tiden, samt medverka i boka Gay Kids – Kule born. Historia «Knølkvalen Kai» frå Godnattboka (Skald, 2007) er ein populær barneforestilling.

Heidi Marie har erfaring fra DKS og Rikskonsertane med produksjonane “Time” (musikk), “The End – a gentle reminder” (teater) og "Barbie-Nils og pistolproblemet" (litteratur)

Julie Falkevik Tungevåg  har Master frå musikkonservatoriet i Kristiansand i utøvande rytmisk musikk. Ho jobbar som frilansmusikar i østlandsområdet,og som pedagog i Oslo musikk- og kulturskule. Julie har spelt med ei rekkje kjende artistar som Hanne Sørvåg, Martin Halla, Jon Almås, Tine Skolmen og Stian Blipp. Ho har erfaring med teatermusikk og er komponist av filmmusikk.

Roy Ole Førland –er utdanna musikklærer ved Høgskulen i Volda. Jobber som musikar og komponist i Bergen samt på Barnas Kulturhus og BarneBIKS ved Bergen Internasjonale Kultursenter. Spelar med bandet «A boy Named Sue», Heidi Marie Vestrheim, lagar filmmusikk, og har erfaring fra DKS og Rikskonsertane med produksjonane «Heavykatten», «Haikutronics», «Frå Hauge til haiku» og «Time».

Publikumskommentarer