Tilbake
Astrid Havn Tranøy
Astrid Havn Tranøy
Astrid Havn Tranøy

Syreneset fort 2019

Omvisning ved det tyske forsvarsanlegget frå 2. verdskrig på Syreneset sør på Karmøy. Syreneset fort er saman med Falnes (Trivarli) dei to best bevarte tyske installasjonane i Karmøy. Fortet var operativt frå mars 1943, og var utstyrt med fem 12,2 cm kanoner. Kanonene hadde ei skotvidde på 21 000 meter. Mannskapsbunkerane av type R 655 som er bygd på Syre finnes i Noreg kun på denne staden, slike vart ikkje bygd nokon andre stader i landet (Kjelde: Kulturminner i Karmøy).

Målgruppe 9. trinn, påmeldingstilbud. Sjå turnéplan ( oppe til høgre på denne sida) . To omvisningar per dag, ca ein klasse per omvisning.

Påmelding til Elisabeth Aarekol,  eaj@karmoy.kommune.no , tlf. 52811474/ 93499884

Sjå lærarrettleiing for kart til området, og førebuing. Tekniske detaljer om anlegget finnes under Faktaark Syreneset fort, henta frå www.kystfort.com/forum/

Lærerveiledning

Last ned:
Syreneset fort

Historie

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • bruke omgrepet periode og vise samanhengar mellom fortida og notida ved å plassere ei rekkje historiske hendingar på ei tidsline
  • presentere historiske hendingar gjennom å lage to forteljingar om same hendinga, sett frå ulike ståstader
  • skape forteljingar om menneske i fortida og bruke dei til å vise korleis menneske tenkjer og handlar ut frå samfunnet dei lever i
  • utforske ulike kjelder, illustrere korleis dei kan gje ulik informasjon om fortida, og forklare korleis historikarar bruker dei til å lage historiske framstillingar

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: Karmøy kommune
  • Produsent: Kulturskrinet i samarbeid med kulturavdelinga
  • I samarbeid med: Kulturavdelinga, Karmøy kommune
  • Idé/opplegg: Thomas Skådel og Else Jorunn Stava Knudsen.

Om kunstner / utøver / gruppe

Annette Nebelung er tysk, bur på Karmøy, og arbeider som sjølvstendig tolk / oversetjar, guide for Guidekompaniet og

kulturformidlar for Museet i Mælandsgården.

Publikumskommentarer