Tilbake
Elisabeth Aarekol Johannessen
Elisabeth Aarekol Johannessen
Elisabeth Aarekol Johannessen

Film Film Film! 2018

Elevane får ei humoristisk innføring i filmteori, filminnspeling, klipping og spesialeffekter – samt tips til å lage eigne YouTube-videoar. Dette er ein spennande og annleis skuledag med fokus på filmskaping,- frå ide til ferdig produkt. Elevane vil få delta aktivt i ein ekte filminspeling...

Lærerveiledning

Film Film Film!

Kurset er todelt, med ein hovuddel som handlar om fiksjonsfilm, og ein mindre del som handlar om YouTube.

Dagen byrjar med eit smell, kor elevane får ei kort og actionfylt innføring i filmteori.

Deretter får elevane sjansen til å sjå korleis dette fungerer i praksis, når dei skal laga ein humorstisk kortfilm med profesjonelt utstyr. Denne blir så klippa saman av kurshandlar, som mellom anna demonstrerer korleis ein lagar ulike spesialeffekter.

Til sist er det tid for ein gjennomgong av kva muligheiter som fins på YouTube.

Elevane får konkrete tips til korleis dei kan lage sine eigne YouTube-videoar, kva gratis programvare som fins og korleis ein lagar fengande videoar.

Kurset er meint å være eit humoristisk og underhaldande innsyn i korleis det er å lage film.

Absurd film vil i dette opplegget ha ein skuledag med kvar klasse. Det er satt eit maksantall på 30 elever pr. verksted. I og med at dette er litt tidkrevande vil filmfolka vere på skulen dykkar i fleire dagar.

Verkstedet er lagt opp til klasseromsundervisning til litt før storefri. Etter dette er det behov for alternative lokaler for mest mulig uforstyrra innspeling av kortfilm, med 30 deltakarar, nokon bak og nokon foran kamera.

Kursholdarane vil gjerne ha innspeling i skolegården, men det kan bli sure haustdagar, og vi treng difor alternative arenaer.

Dette er et morosamt tilbud som gir elevane ei innføring i korleis ein film blir til, frå ide til ferdig produkt. Elevane får her ta del i heile prosessen.

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: Karmøy kommune
  • Kunstnere/grupper: Absurd Film
  • Produsent: Absurd Film AS
  • I samarbeid med: Kulturskrinet, Karmøy
  • Idé/opplegg: Absurd Film AS

Om kunstner / utøver / gruppe

Erlend Bjelland er utdanna Bachelor i Film- & TV-produksjon, og Master i Filmmanusutvikling ved Universitetet i Bergen. Han har laga ei rekkje kortfilmar og internettvideoar, og jobbar for tida med fleire prosjekter i samarbeid med m.a. Filmkraft Rogaland.

Ole Erik Fylkesnes har produsert ei rekkje kortfilmar og web-TV-program, og har skodespelarerfaring frå fleire kortfilmar.


Publikumskommentarer