Karmøy kommune
Postadresse: Rådhuset, 4250 Kopervik
Besøksadresse: Rådhuset, 4250 Kopervik
Telefon: 52 85 73 68 • Nettsted: http://karmoy.ksys.no
Mælandsgården 2018
Produksjonsliste
Program

Mælandsgården 2018

Se alle bilder, videoer, lydklipp, vedlegg

Living history! Gjennom møte med fleire fiktive figurar i bymiljøet i den verna delen av Skudeneshavn tar elevane eit steg inn i historiske Karmøy midt i storhetstida til sildafisket på 1800-talet. Elevane får smake, lukte og kjenne på miljøet i og rundt handelsstaden Mælandsgården, eit område prega av tjøre, salt og sild og lukta av hav. Dei får møte førstereisguten Harald i dei gamle sjøhusa og vere med tenestejenta til sjølvaste fru Mæland på byvandring i dei trange smaua i den kvite empirebyen. Er det fint ver anbefalast det å avslutte besøket med å ete niste i Parken i Gamle Skudeneshavn, nær Månesteinen, der gallionsfiguren Damå i Parken vokter inngangen.

Lærerveiledning

Lærarrettleiing Mælandsgården v2015

Elevane skal som før møte opp i informasjonssalen til museet, der dei vil bli delt i to grupper på ca 20 personar i kvar gruppe. Det vil vere to ulike stasjonar som elevane skal igjennom. Eine gruppa vil delta på forteljarstund med forteljar og skodespelar Nina Sele ved to arenaer på museet, medan den andre gruppa tar ei lita byvandring i den verna delen av Skudeneshavn. Dagmar Lunde vil vere formidlar her. I vandringa vil dei få høyre litt om husa og folka som budde der.

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: Karmøy kommune
  • Kunstnere/grupper: Nina Sele og Dagmar Lunde
  • Produsent: Oppvekst og kulturetaten, Karmøy kommune
  • I samarbeid med: Kulturavdelinga i Karmøy
  • Idé/opplegg: Oppvekst- og kulturetaten, Karmøy kommune, i samarbeid med Nina Sele og Dagmar Lunde

Om kunstner / utøver / gruppe

Nina Sele er skodespelar og kjem frå Bømlo. I 2003 vart ho uteksaminert frå Nordisk Institutt for Scene og Studio (NISS), og har etter dette jobba både i Oslo og på vestlandet. Ho har tidlegare vore med og drive Shakespeare-gruppa Akutteatret, og dei siste åra har ho bidratt med roller i Haugesund Teater, Mostraspelet og Bømlo Musikallaug.

Ho er leiar av det frittståande teaterkompaniet Scenekraft, og har gjennom Scenekraft turnert for Kulturskrinet i oppsetjingane  Havet har meg ( skoleåret 20010/11), Rabinowitz ( 20011/12) og Heks (2012-13).

Dagmar Lunde er frå Skudeneshavn. Ho har bakgrunn som programleiar, skodespelar, songar og kulturhusleiar. Våren 2015 medverka Dagmar i eit dramaprosjekt i Mælandsgården i regi av Tårnet skole, som vart støtta med prosjektmidler av Kulturskrinet. Prosjektet resulterte i fleire forestillingar der elevane opptrådte i og rundt Mælandsgården saman med profesjonelle skodespelarar. Forestillinga vart vist for fleire ungdomsskular i Karmøy. Han vart og vist for sekretariatet for Den kulturelle skulesekken som eit førebilledleg døme på eit godt samarbeid mellom skular og profesjonelle kunstnarar.


Medvirkende

  • Nina Sele og Dagmar Lunde
  • Nina Sele (Forteljar og skodespelar)
  • Dagmar Lunde (Formidlar)

Multimedia og vedlegg

Bilder

Utsikt, Skudeneshavn
Foto: Astrid Havn Tranøy
Velkomst
Foto: Astrid Havn Tranøy
Informasjonssalen
Foto: Astrid Havn Tranøy
Vår i Skudeneshavn
Foto: Astrid Havn Tranøy
Krambua
Foto: Astrid Havn Tranøy
Harald om livet til sjøs
Foto: Astrid Havn Tranøy
Potekaker med låk
Foto: Astrid Havn Tranøy
Poter
Foto: Astrid Havn Tranøy
Hiv away
Foto: Astrid Havn Tranøy
Byvandring
Foto: Astrid Havn Tranøy
Pause
Foto: Astrid Havn Tranøy
Kulturarv
Trinn: 5 - 5
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Astrid Havn Tranøy, 52 85 73 68 / 92 68 82 42, aht01@karmoy.kommune.no
Kontaktperson utøver
Nina Sele, 970 99 935, post@ninasele.no
Pressekontakt
Astrid Havn Tranøy, 52 85 73 68 / 92 68 82 42, aht01@karmoy.kommune.no
Programlengde
60 min
Maks publikumsantall
50
Arena / rom
Mælandsgården
Transport
Buss til kaien i Skudeneshavn, elevene går til Mælandsgården derifrå.
Merknad
To parallelle omvisningar med ca 20 elevar i kvar gruppe.
Arrangører
Arrangert av:
Karmøy kommune
Produsent:
Oppvekst og kulturetaten, Karmøy kommune
Medvirkende
  • Nina Sele (Forteljar og skodespelar)
  • Dagmar Lunde (Formidlar)