Karmøy kommune
Postadresse: Rådhuset, 4250 Kopervik
Besøksadresse: Rådhuset, 4250 Kopervik
Telefon: 52 85 73 68 • Nettsted: http://karmoy.ksys.no
SILK 2017
Produksjonsliste
Program

SILK 2017

Se alle bilder, videoer, lydklipp, vedlegg

Anders Totland og Tor Arve Røssland kjem til Karmøy under årets SILK i perioden 30. oktober til og med 3. november. Forfattarane vil besøke både barnehage, barnetrinn og ungdomstrinn. 8. klasse vil i år møte Tor Arve Røssland, som vart nominert til Uprisen 2016 med boka Glimt.

Alle som vil fra barnehage til ungdomstrinn kan i tillegg bestille besøk av Anders Totland som vann Nynorsk barnelitteraturpris for ungdomsboka Engel i snøen som kom ut i 2016. Anders debuterte med boka Vampyrane i eplehagen, som er ei humoristisk barnebok om vampyrar som stjel epler i hagen til far hans. 

I 2017 gav Totland ut ei ny ungdomsbok med tittelen Så lenge ingen ser oss. I fleire av bøkene sine tar forfattaren for seg vanskelige tema og set ord på desse. Bøkene er korte og lettleste. Totland er ein dyktig formidlar, og arbeider dagleg som journalist i bladet Sunnhordland på Stord. Han er kokk, organist og kokebokforfattar, og har slekt i Karmøy.

Opplegget for ungdoms- og mellomtrinn blir tilpassa gruppene, ved store grupper les og speler Anders seg gjennom Engel i snøen, ved små grupper er opplegget meir samtalebasert, der han diskuterer med elevane korleis ein kan skrive om vonde ting sjølv om ein ikkje har opplevd det sjølv. Her blir det både litt humor og litt alvor.

Tor Arve Røssland er kanskje best kjent for serien Svarte-Mathilda, ein grøsserserie for barn og unge inspirert av vandrehistoriane om Svarte-Mathilda. Første og tredje bok i serien vart nominert til Uprisen i 2011 og 2014.

Bestilling av besøk for 5.-7. trinn (Tor Arve Røssland - Svarte-Mathilda) og 1.-10. trinn (Anders Totland - Engel i snøen eller Vampyrane i eplehagen) til: aht01@karmoy.kommune.no / 52 85 73 68

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: Karmøy kommune
  • I samarbeid med: Skudeneshavn Internasjonale Litteratur og Kulturfestival

Om kunstner / utøver / gruppe

Alt du treng å vita om Anders Totland

Anders Totland (1986) debuterte hausten 2015 med boka Vampyrane i Eplehagen. Boka er gjeven ut på Kapabel Forlag, og er illustrert av Nina Flatnes Bratbak.

Våren 2016 kom han ut med ungdomsromanen Engel i snøen på Gyldendal Norsk Forlag. Boka hausta svært gode kritikkar, og er også omsett til dansk.

I tillegg har han bidrege med ein av tekstane til antologien Fantasiboka, som kom ut på Skald forlag hausten 2016. Det er den femte og siste boka i serien av nye, nynorske forteljingar for born, som er gjennomillusertrert av Gunvor Rasmussen.

Hausten 2017 er Totland aktuell med si andre ungdomsbok på Gyldendal, og debuterer på same tid som kokebokforfattar med boka Digg, som kjem ut på Skald.

Totland er utdanna kokk, vikarierer som organist og jobbar til dagleg som journalist i lokalavisa Sunnhordland.

Tor Arve Røssland

Tor Arve Røssland er ein norsk forfattar som skriv bøker for barn og ungdom. Frå våren 2011 og fram til no har han besøkt 392 skular, bibliotek, bokhandlarar eller kulturhus, hatt 656 oppdrag og lese for 29550 publikummarar.

Tor Arve Røssland er fødd i Bergen, men oppvaksen i Kvinnherad kommune. Han debuterte som forfattar i 1999 med den humoristiske barneboka Pode, og har sidan den gong gitt ut ei rekke bøker for barn og ungdom. Han har skrive grøssarar i serien Svarte-Mathilda, dystopisk science-ficton i Soledad, og krim i bøker som Gamer og Snatch. Han likar heile tida å utforske nye sjangrar.

Han seier sjølv at han likar å skrive bøker som han likar å lese, heilt uavhengig av kven bøkene måtte passe for når dei kjem ut.

I barndomen sprang han etter sauer på Røsslandsgarden, som ligg midt mellom bygda Sunde og industristaden Husnes. I nabohuset budde besteforeldra hans, og i nabohuset deira budde oldefar. Han leika utandørs med venner og syskenborn heile sommaren. Når det var dritvêr sat han inne og leika med Lego eller spelte dataspel på Commodore 64. Han høyrte mykje på radioteater og høyrespel. Han begynte eigentleg ikkje å lese bøker før han var i 13-14 årsalderen, men etter det las han mykje, og han har aldri tenkt å slutte!


Medvirkende

Multimedia og vedlegg

Bilder

Anders Totland
Foto: Per Egil Larsen
Tor Arve Røssland
Glimt
Engel i snøen
Svarte-Mathilda
Så lenge ingen ser oss
Vampyrane i eplehagen
Foto: Anders Totland
Anders Totland
Annet
Trinn: 4 år - 10
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Astrid Havn Tranøy, aht01@karmoy.kommune.no, 52 85 73 68
Kontaktperson utøver
Anders Totland, 98242002, totlanders@gmail.com
Tor Arve Røssland, 92451321, tor-arve@online.no
Tor Arve Røssland, tor-arve@online.no, 92451321
Pressekontakt
Astrid Havn Tranøy, aht01@karmoy.kommune.no , 52 85 73 68

Maks publikumsantall
120
Lenker
Arrangører
Arrangert av:
Karmøy kommune
Medvirkende
  • Anders Totland (Forfattar)
  • Tor Arve Røssland (Forfattar)