Karmøy kommune
Postadresse: Rådhuset, 4250 Kopervik
Besøksadresse: Rådhuset, 4250 Kopervik
Telefon: 52 85 73 68 • Nettsted: http://karmoy.ksys.no
Syreneset fort 2018
Produksjonsliste
Program

Syreneset fort 2018

Se alle bilder, videoer, lydklipp, vedlegg

Omvisning ved det tyske forsvarsanlegget frå 2. verdskrig på Syreneset sør på Karmøy. Syreneset fort er saman med Falnes (Trivarli) dei to best bevarte tyske installasjonane i Karmøy. Fortet var operativt frå mars 1943, og var utstyrt med fem 12,2 cm kanoner. Kanonene hadde ei skotvidde på 21 000 meter. Mannskapsbunkerane av type R 655 som er bygd på Syre finnes i Noreg kun på denne staden, slike vart ikkje bygd nokon andre stader i landet (Kjelde: Kulturminner i Karmøy).

Målgruppe 9. trinn, påmeldingstilbud. Sjå turnéplan ( oppe til høgre på denne sida) . Ein omvisning pr. dag og maks. to klassar pr. omvisning (ca 50 stk).

Påmelding til Elisabeth Aarekol Johannessen, eaj@karmoy.kommune.no , tlf. 52811474/ 93499884

Sjå lærarrettleiing for kart til området, og førebuing. Tekniske detaljer om anlegget finnes under Faktaark Syreneset fort, henta frå www.kystfort.com/forum/

Lærerveiledning

Syreneset fort

Historie

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • bruke omgrepet periode og vise samanhengar mellom fortida og notida ved å plassere ei rekkje historiske hendingar på ei tidsline
  • presentere historiske hendingar gjennom å lage to forteljingar om same hendinga, sett frå ulike ståstader
  • skape forteljingar om menneske i fortida og bruke dei til å vise korleis menneske tenkjer og handlar ut frå samfunnet dei lever i
  • utforske ulike kjelder, illustrere korleis dei kan gje ulik informasjon om fortida, og forklare korleis historikarar bruker dei til å lage historiske framstillingar
Last ned:

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: Karmøy kommune
  • Produsent: Kulturskrinet i samarbeid med kulturavdelingen
  • I samarbeid med: Kulturavdelingen, Karmøy kommune
  • Idé/opplegg: Thomas Skådel og Else Jorunn Stava Knudsen.

Om kunstner / utøver / gruppe

Else Jorunn Stava Knudsen har i samarbeid med Thomas Skådel utarbeida eit hefte om Syreneset. Dette tek utgangspunkt i eit  intervju med Thomas sin far, Jonas Skådel, og andre motstandsmenn, som opplevde den tyske okkupasjonen i Karmøy på nært hald. I heftet finnes informasjon om lokale tilhøve under okkupasjonen, kart og avisutklypp frå då dei tyske styrkene kom til Haugesund-området. Forfattarane av dette heftet har tatt for seg bygginga av Syreneset fort, dei russiske krigsfangane som deltok, motstandsarbeidet og overgjevinga av fortet i 1945. 


Medvirkende

  • Else Jorunn Stava Knudsen (Formidlar), , 92834964

Multimedia og vedlegg

Bilder

Syreneset fort II
Foto: Astrid Havn Tranøy
Kart Syre
Syreneset fort
Foto: Astrid Havn Tranøy
Syreneset fort, Feind hört mit..
Foto: Astrid Havn Tranøy
Kulturarv
Trinn: 9 - 9
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Elisabeth Aarekol Johannessen, 52811474, eaj@karmoy.kommune.no
Kontaktperson utøver
Else Jorunn Stava Knudsen, 92834964
Else Jorunn Stava Knudsen, , 92834964
Programlengde
1,5 t
Maks publikumsantall
60
Arena / rom
Syreneset fort
Transport
Buss til Syre, alle må ta seg til fots ut til inngangen til Syreneset fort. Ca 15 min gange frå buss til fortet. Stort sett fine vegar (bygd av russarfangar), bortsett frå første hundre meter som er beitemark. Her er det ofte bløtt.
Rettleiing: Når de kjem av bussen gå opp Kråkebergvegen, over ei ferist. Ta så inn til Skådel til høgre (husklynge), følg denne vegen forbi ein stor låve, og vent på formidlar.
Merknad
Påmeldingsfrist: fredag 24. mars 2017
Omvisninga vert lagt til tirsdagar og torsdagar, mai og juni.
Elevane må ha godt fottøy (støvlar) og lommelykt til omvisning inne i bunkersane. Kontakt omvisar direkte dersom forsinkingar.
Vedlegg
Arrangører
Arrangert av:
Karmøy kommune
Produsent:
Kulturskrinet i samarbeid med kulturavdelingen
Medvirkende
  • Else Jorunn Stava Knudsen (Formidlar)