Tilbake
Astrid Havn Tranøy
Astrid Havn Tranøy

Drageverksted

Kulturskrinet inviterer til drageverkstad med dragebygger og -entusiast Hans Georg Aase og multikunstnaren Bjørn Erik Nordås. Bjørn Erik jobbar som viking på Karmøy historiske leirskole, og skal fortelje om dragar og lære elevane å male ekte vikingdragar. I forkant av verkstadane på skulane arrangerer Sveinung Dybvig frå Sola drageklubb verkstad for tilsette, foreldre og besteforeldre og andre som vil vere med og hjelpe til med å bygge dragar med elevane. Sveinung har laga dragar i mange år, og kjenner dragebyggarar over heile verda, som han kvart år inviterer til å komme til Sola for å vise fram dragane sine. Dei skulane som får kurs er og så heldige å få drageeksperten Sveinung med på verkstaden med elevane dagen etter. Me avsluttar drageprosjektet   onsdag 19. april kl 10.00   der me inviterer alle 1. klassingane til å arrangere drageflyging på sin skule, slik at me denne dagen får ein stor 'dragemønstring' i Karmøy!

Lærerveiledning

Last ned:
Om drager

Drager er eit 2000 år gammalt leiketøy som vart skapt i Kina. Kinesarane trudde på ordentlege drager, og at desse brakte lukke. Frå Kina spreidde fenomenet seg til Japan og Korea, og på 1700-talet var dragen eit vanleg leiketøy i Europa. Gamle drager vart ofte dekorerte med kalligrafiske teikn med vakker tyding, eller fargesterke bilete av mytologiske krigarar og heltar. I Noreg er drager kanskje mest forbunde med dei vakre treutskjæringane i vikingskip og portaler på stavkyrkjer, og først kjent som leiketøy i seinare tid. Ein teori knytta til bruken av drager i stavkyrkjene er at dragene skulle vere ein magisk beskyttelse mot det vonde. Drager har i fleire kulturar vore forbunde med store krefter i naturen, universet eller religion. Dei er assosiert med visdom og magi, og vatn, elver og regn. Dragen har blitt mykje brukt i fantasylitteraturen, og blir av mange sett på som sjølve symbolet på fantasien si verd. I barnelitteraturen har den vennlege drage ofte blitt portrettert som ein god alliert når hovudpersonane skal bekjempe det dei fryktar mest. Mest kjent for barn i 2016 er kanskje filmane og serien Dragetreneren, som handlar om ein ung gutt som blir venn med ein drage. I dette prosjektet har me valgt å fokusere på vennskap og magi som tema, ved å la elevane oppleve ein felles aktivitet som gjev rom for fantasi og felles leik.

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: Karmøy kommune
  • Kunstnere/grupper: Sveinung Dybvik, Hans Georg Aase og Bjørn Erik Nordås
  • Produsent: Kulturskrinet
  • Idé/opplegg: Sveinung Dybvig, Hans Georg Aase og Bjørn Erik Nordås i samarbeid med Kulturskrinet

Om kunstner / utøver / gruppe

Hans Georg Aase er interessert i alt som har flygeeigenskapar og har ein egen evne til å få ting til å fly. Han har deltatt på fleire drageverkstader på Haugalandet, mellom anna på markering av Blått flagg på Åkrasanden, og på Slaktehuset i Haugesund.   

Bjørn Erik Nordås har bakgrunn frå Karmøy historiske leirskule, og arbeider i tillegg som ungdomsarbeider i Karmøy kommune. Han trives godt med å undervise elevar i friluftsliv på Avaldsnes, likar å teikne, og har ein draum om å bli lærar. Dette er første gang Bjørn Erik gir seg i kast med flygande drager, men norrøne dragar har han god erfaring med.

Sveinung Dybvig er leiar for Sola drageklubb som kvart år arrangerer Sola dragefestival på Hellestøstranda i Sola kommune. Sveinung har reist land og strand rundt for å lære folk opp i dragebyggingfaget, og har bygd seg opp eit internasjonalt nettverk av dragekunstnarar. Kvart år deltek mange av desse på Sola dragefestival.

Publikumskommentarer